2025
Frå Hervik til Salt Lake
August 2025


Frå Hervik til Salt Lake

Leiv Torstveit skrev denne artikkelen om Christopher Hervik Jacobs etter at han kom i kontakt med eldste Nelson mens han tjente sin misjon i Norge i perioden 2012-2014. De er begge i slekt med Christopher Hervik Jacobs som utvandret fra Tysvær i Ryfylke i 1829.

Christopher Hervik Jacobs hadde ei lang reise frå Hervik til Salt Lake City.

Christopher var fødd utanfor ekteskap 10. februar 1819 og foreldra var Christopher Christopersen Hervik (1790-1824) og Anna Johanne Jonsdotter Aasland Hervik (1793-1886).

Anna Johanne budde på plasset Gongstø under Hervik. Truleg vaks Christopher opp på Gongstø. Neste gong me møter han er som utvandrar i USA i 1829. Han er kalla Hervik i motsetnad til mora. Ho gifte seg med enkemannen Svend Jacobsen Aasen. Saman fekk dei to søner, Svend, fødd 1823, og Johan fødd 1825. Familien reiste saman med tre andre frå Tysvær: Christen Olsen Tysvær snaut 26 år, Synneva Rasmusdotter Berge 51 år, og Rasmus Christoffersen Tysværsnogen.

Familien til Christopher reiste først til dei andre norske pionerane i Kendall i 1830. Seinare flytta dei til Fox River Illinois. Der hadde Christopher ein onkel, Henrik Hervik og ei tante som var gift med Big Nels Hersdal. Svend døydde alt i 1832 og mora gifta seg om att med Endre Dahl.

Dei norske i Kendall vart tidleg kjende med mormonarane. Dei møtte og snakka med grunnleggjaren Joseph Smith. Endre Dahl og Gudmund Haukås vart oppglødde for læra deira.

Endre Dahl var ein av dei første norske som vart mormonar. Gutane Svend og John var leikekammeratar og ven med Canute Peterson, 1824-1902. Foreldra hans kom frå Maurset i Eidfjord og kom over i starten på 1830 åra. Canute vart ein stor predikant og leiar i mormonsamfunnet. Christopher, Svend og John kalla seg Jacobs resten av livet.

Mormonerane vart forfølgde i Midt-Vesten. Profeten Joseph Smith vart skoten. Mange ønskte ikkje mormonarar i staten sin. Særleg var mange forarga over at ein mann kunne ha fleire koner. Derfor ville dei reise mot vest og finne nytt land for seg, familiane sine og gudstrua si.

Ofte var det slik at når dei ville flytte til ein ny stad, sende dei ein eller to først for å sjå og ta land. Me må sjå på Christopher som ein utsending frå familien i ei slik oppgåve.

Og det var som medlem i eit kompani, Charles C. Rich sitt kompani, at Christopher kom til Salt Lake City.

Me er så heldig at Charles skreiv dagbok under reisa og Christopher vart intervjua i ei avis i 1897. I tillegg finst ei liste med personnamn og alder over alle som var med i dette kompaniet.

Det er ved hjelp av dette eg kan skrive denne artikkelen.

Dei først pionerane som reiste til Salt Lake, la av garde i mars 1847 og var framme 24 juli. Gruppa var leia av Ezra Taft Benson. Mykje uvær med snø og kulde gjorde ferda deira svært strevsam. Men, dei kom fram mens det fremdeles var sommar.

Ferda til Christopher var på over 150 norske mil. Om lag som å gå frå Kristiansand til Oslo-Trondheim for å ende opp i Levanger.

Det var tre kompani som heldt nokolunde følgje den vegen dei gjekk.

Drama ved elva Elkhorn

Alle saman starta 16. juni og etter vel ei mil, kom dei fram til elva Elkhorn. Her let me Christopher fortelje:

“Då me kom til Elkhorn fann me at ho var ei hindring. Været var svært kaldt. Me kryssa elva ved å frakta kveget vårt og vognene over på ein tømmerflåte. Han vart dregen over elva av oksar på kvar side av straumen. Lange kablar var festa for å dra flåten frå den eine sida til den andre.

Då omtrent halvparten av kompaniet hadde kome over, rauk kabelen på vår side og flåten kunne ikkje kome attende. Den einaste sjansen for å få flåten tilbake, var å ha ein som kunne symje over elva og festa kabelen i flåten.

Mange menneske stod ved elvebreidda, men ingen melde seg for å symje. Eg tilbaud meg å gjere det. Mange gonger hadde eg symt i Mississippi og frå barndommen (i Hervik) var eg ein god symjar. Eg var ikkje ein augneblik i tvil om evna mi til å løyse oppgåva. Og eg hoppa uti og etter eit hardt arbeid, klarte eg det med suksess. Kablane vart festa og eg drog attende til den sida eg kom frå. Då eg nådde elvebreidda, stod biskop Hunter der med ei flaske whisky i handa. Han klappa meg på ryggen og sa: ‘Godt gjort, guten min! Godt! Godt! Godt!’

Eg fekk flaska og ver sikker på at eg sette pris på innhaldet.”

Dei kryssa elva neste dag. 18. juni delte dei seg i fem kompani. Men først 22. juni la dei av garde langsmed elva Platte River etter å ha skote med kanona.

Kvifor drog dei?

Svaret gir Natan Tenner Porter: “President Young hadde forlate Rocky Mountain for å finne ein plass for kyrkja vår. Han gav beskjed om at så mange som muleg skulle følge i fotspora hans.”

Eit anna svar finn me hos Mary Ann Phelps Rich, 17 år: “Me gleda oss til å kome dit me sjølve kunne bestemme. Då kunne me bli godtekne som koner.”

Kven var det som fyrst og framst drog?

Og nå skal me sjå på kven som var med i Charles sitt kompani. Me har ei førestelling at det berre er unge og sterke menn som kan klare dei strabasane ferda kravde.

Men, ein ser at det er først og fremst familiar som drog. I kompaniet på om lag 130 personar var det 21 familiar som varierte frå to til femten personar. Det var berre 13 ugifte einslege personar, ti menn og tre kvinner. Dei einslege mennene var menn i sin beste alder, alle under 50 år. Christopher var 28 år gamal.

Det mest utrulege var at 15 barn som var under to år var med. Om lag halvparten av kompaniet var under 21 år. Og sia det var familiar som for, var det om lag like mange av begge kjønn. Men det var berre fire personar over 51 år.

Berre ein person døydde av sjukdom under ferda og det var mor til Charles.

Vandring over slettene tok 3,5 månader

Og så la dei i veg. Fremst gjekk speidarane. Dei skulle drepe slangar, lage bruer og finne den beste vegen.

Kvart kompani var delt inn i 100, 50 og 10 slik presidenten hadde sagt dei skulle gjere.

Emilie Grove Rich (16 år) fortel: “Nokre reiste med kudrift , andre med sauer. Vognene var frå seks til åtte fot lange (1,2-2,4m). Oksar med åk drog vognene. Det var også nokre få som hadde hestar. Dei som køyrde med oksar, måtte gå heile vegen. Dei kunne ikkje sitje i vogna og styre oksane fordi dei ofte braut på tvert av vegen for å få i seg godt gras. Då kunne staga bli brekte av.”

Sarah Shoemaker 17 år og Mary Ann Phelps Rich 17 år køyrde kvar si oksespann frå Missouri River til Salt Lake.

Sarah Jane R. Miller, 8 år, fortel: “Kompaniet vårt hadde med seg ei jernkanon, ein båt, ei svær klokke og ei vogn med krut. Difor vart me kalla Artilleri kompaniet.”

Vidare fortel Mary Ann: “Me gjekk langs Platte River. På begge sider var det tusenvis av buffalo. Mennene vår jakta slik at me hadde nok av mat. Med jamne mellomrom såg me flokkar av indianarar, men ingenting vart stole frå oss.”

Felespel, song og dans høyrde med

Nokre gonger samlast mange frå alle kompania og då hadde me song og dans. Og felespelaren var Christopher. Han fortel: “Eg var felespelaren i kompaniet. Mange gonger kom det gutar frå dei andre kompania for at eg skulle spele for dei også. Det var ei fantastisk oppleving å sjå når dei trippa (dansa) i lyset frå det store bålet. Me slutta ikkje før klokka var mellom 11 og 12. Anstrengelsen med turen gav ikkje mange gleder. Berre slike som var van med hardt arbeid, kunne like dette.

Eg var den andre felespelaren som kom til Salt Lake.” Om indianarane seier han: “Då me kom til Fort Laramie, møtte me om lag 500 indianarar. Me handla med dei. Då gjorde nokre gutar framlegg om at eg skulle slå nokre saltoar for å lage litt moro. Eg var ung og svært sprek. Og mens indianarane stod i ring rundt meg, slo eg nokre saltoar. Dei vart fulle av undring. Dei tok plassen min og hoppa opp og ned for å sjå om jorda let dei hoppe. Då dei fann ut at jord var solid, kom dei og kjende på leggene mine. Dei snakke seg imellom, svært overraska det noko slikt var muleg.”

Leiaren for kompaniet, Charles Coulson Rich skreiv eiga dagbok.

Indianarane dei møtte var prærieindianarar som jakta på buffalo. Då dei kom inn i Wyoming har ingen notert at dei møtte indianarar.

Tre gonger skriv han om god mat. Då hadde dei dagen før eller same dagen gått langt. Dei reiste alle dagane i veka. Kryssing av elvar må ha vore vanskeleg, for ofte måtte dei ha pause og reparere dagen etterpå.

Kva møtte dei i Salt Lake?

  • Mary Ann: “Me kom fram 2. oktober og møtte nokre få menneske som hadde kome fram før oss.”

  • Nathan Porter: “Då såg me at dalen låg som ei rosa seng i ørkenen.”

  • Edward Ockey: “Me kryssa prærien, gjekk gjennom canyons og over fjell. Med ein god del vegfiksing og mykje anna kom me fram 3. oktober.”

  • Og vår Christopher kan hugsa turen slik: “Eg har aldri likt meg sjølv betre enn eg gjorde på den turen. Eg kom fram 1. oktober.”

Resten av familien kom etter to år seinare

Christoper var familien sin mann i Salt Lake. I 1849 reiste Endre Dahl og kona Hanna (kortform for Johanne) saman med gutane Svend og John til Salt Lake.

Dei reiste saman med Canute Peterson. Han skulle eigentleg vore med i 1847, men mora var sjuk. Ho døydde i 1848. Canute vart i 1851 sendt til Noreg for å misjonere. Han fekk viktige tillitsverv i kyrkja. Han gifta seg og hadde tre koner på ein gong. Dei budde i kvart sitt hus som låg på sida av kvarandre. Canute var far til 21 barn.

Og korleis gjekk det vidare med Christopher? Han gifta seg i 1849 med Mary Margaret Dodge (1829-1887). Saman fekk dei sju barn. Dei to første døydde, men dei fem andre levde opp. I 1864 gifta han seg med Emilie Jane Hutchings (1849-1918) Dei fekk tre barn, men berre to levde opp. Familien hans reiste seinare ikkje til Midt-Vesten. Dei har halde fast i trua til denne dag. I år har ein ætling av han, Nicholas Nelson, vore misjonær i Noreg i eitt år. Og det var etter møte med han, eg fekk tak i denne historia.